VELKOMEN TIL FJELLGEITA 2011
| |
| |
Fjellgeita 2011 er turorientering for barn, ungdom og vaksne i Skjåk. Barneidrettsgruppa har i samarbeid med Skjåk Turlag laga eit variert orienteringsopplegg i den vakre Skjåk-naturen.
| Vår visjon er å: |
- få barna/ ungdom / vaksne ut i naturen
- få barna / ungdom/ vaksne til å bli glad i naturen
- få barna / ungdom / vaksne til å bli kjent i Skjåk
|
Fjellgeita går kvart år i ulike turløyper i Skjåk, somme er godt merka og lette og gå, andre kan vera litt meir krevjande. Målet har vore å få alle ut i naturen, og difor er ingen av løypene hardare enn at sjølv minstemann i familien kan vera med.
Alle barn og ungdom som er med kan vinne flotte premiar. Fjellgeit-merke til barn, ungdom og vaksne.
Vi oppmodar også DEI VAKSNE til å klyppe og levere foldarane.
Vi har etter ynskje lagt ut dei tidlegare Fjellgeit-turane, slik at du har enda fleire turforslag og velje mellom. Dei tidlegare turane er ikkje merka med skilt og postar, men vi vonar du vil finna fram av beskrivinga!
Sjå dei tidlegare turene her.
GOD TUR!
|
|
|
|