INFORMASJON OM FJELLGEITA


 
  Postane
Postane er merka med orange/kvite postflagg.Ved kvar post er det ei stifteklemme. Den blir brukt til å ”klyppe” i klyppefeltet i heftet. Postane står oppe frå om lag midten av juni til 10. oktober.

Etterkvart som postane kjem opp, blir dette varsla på heimesida vår, fylg med under aktuelt. Også i år vil vi prøve å markere starten av turane med eit startskilt.

Premiering
Alle barn og ungdom inntil 20 år som har fullført minst 6 av turane er med i trekning av premiane. Dei som er under skulealder eller skal byrje på skulen må ha fullført minst 4 av turane. Alle vinnarane vert kontakta.

Premiar
1. premie: Gavekort for 1000,- kr
2. premie: Gavekort for 750,- kr
3. premie: Gavekort for 500,- kr
Ellers er det trøstepremiar frå fleire bedrifter.

Vaksne kan kjøpe Fjellgeitmerke:
1. år – bronse, 3. år – sylv, 5. år - gull, 7. år - Superfjellgeit-turkopp
(2004 var eit prøve-år for Fjellgeita )

Innlevering av skjema
Frist for innsending av utfylt skjema er 17. oktober 2011
• Lien Sykkel og Sport
• Biblioteket
 

No er alle postane nede og klppekorta må leverast inn snarast. Dei kan leverast hjå Lien Sykkel og sport.
Biblioteket er stengt i veke 43.
Dei som vil kan gjerne levere bilete frå turane på cd til styret eller hjå Tor Lien (snarast).

Bileta vil vi vise på Fjellgeitkvelden som blir på Turistheimen 
TORSDAG 24. november kl. 18.00.