FJELLGEITATURER 2010


Tidlegare turer: 2010 | 2009 | 2008 | 2007 | 2006 | 2005 | 2004

 
Treet i Aura
KARTBLAD: 1518 I SKJÅK
Start fra Aura bru og gå på austsida av elva. Stigen er merka med skilt og raude merke heilt mot Aursjodammen. Turen opp til ”Treet” er ca. 2,7 km. ”Treet” ligg opp mot tregrensa og her er ei postkasse med ei bok du kan skrive namnet ditt i. Turen blir stuttare om du køyrer eit stykke oppover forbi Bakke.

Smugarsteinen i Lundadalen
KARTBLAD: 1518 I SKJÅK
Gå over brua ved Heimste Lundadalsseter og fylg DNT-stigen på austsida av Skjøla. Stigen kryssar Skjøla lenger oppe. Ca. 3 km inne ligg Isakbue. Her var det fjellgeitpost i 2004 . Smugarstein ligg ca ein halv kilometer innanfor Isakbue. Dei som ville ha hell og lykke på turen innover Lundadalen måtte krype gjennom steinen. Går du litt vidare opp på reset, får du fin utsikt vidare innover Lundadalen. Ei grov før Isakbue kan vere litt strevsom.

Ståkåhøe
KARTBLAD: 1518 I SKJÅK
Fylg den gamle traktorvegen eit godt stykke forbi Lykretjønna. Ta av til venstre og fylg rabbane framover mot Ståkåhøe. Sikt mot Tundradalen. Går du ned på høgda nedanfor Ståkåhøe får du flott utsikt ned i dalen. Du kan òg gå stigen oppover forbi Vetlsetra. Ovanfor skogen tek du av til venstre og går på skrå oppover mot Ståkåhøe.

Nedre Brumillomsetra
KARTBLAD: 1518 IV POLLFOSS
Køyr over Brumillomsbrua og forbi Brumillom. Ta til venstre i krysset. Rett ved gjerdet ovanfor jordet på Brumillom tek det av ein skogsveg. Fylg skogsvegen ca 1,8 km innover. Nedre Brumillomsetra ligg i skogen ovanfor skogsvegen og er ikkje lett å sjå.

Stamseterhovden
KARTBLAD: 1518 IV POLLFOSS
Køyr litt forbi Stamåa i Billingsdalen. Her er det avkøyring og parkeringsplass. Stigen opp til Stamseterhovden er merka med skilt og raude merke. Stigen går oppover på vestsida av Stamåa. Eit stykke ovanfor brua går stigen vestover på rabbane mot Stamseterhovden. På toppen er det flott utsikt over Pollvatnet. Er du sprek kan du gå vidare innover mot Synstålkyrkja.

Appelsinsteinen på Nysetra
KARTBLAD: 1319 II TORSVATNET
Køyr riksveg 15 til Stuttgongen Seter på Nysetra. Køyr vegen til høgre inn mot Stuttgongen Seter. Stigen tek av til venstre oppover mot Appelsinsteinen. Du finn Appelsinsteinen like ovanfor tregrensa.

Mot Sottjønnene og Trulsbu
KARTBLAD: 1418 I SKRIDULAUPEN / 1418 IV POLLFOSS
Parker ved parkeringsplassen ved Sota. Gå innover vegen mot Mysubytta. Eit lite stykke etter bommen tek det av ein DNT-stig til venstre mot Nørstedalseter og Trulsbu. Eit stykke oppe i lia deler stigen seg. Ta til venstre mot Trulsbu. Her er det fin utsikt over Sota, Røykjeskålsvatnet og mot Mysubytta. Går du vidare innover kjem du til Sottjønnene.

Langvassegga
KARTBLAD: 1418 I SKRIDULAUPEN
Denne turen er stutt og litt bratt, men ikkje stupbratt. Gå opp forbi den gamle steinhytta (smie). Gå opp eggen mellom Hellstuguvatnet og hyttefeltet. Hald litt mot øst (hyttefeltet) i starten så finn du ein svak stig oppover. Her er det flott utsikt over hyttefeltet, Grotli og Grotlivatnet.




No er alle postane nede og klppekorta må leverast inn snarast. Dei kan leverast hjå Lien Sykkel og sport.
Biblioteket er stengt i veke 43.
Dei som vil kan gjerne levere bilete frå turane på cd til styret eller hjå Tor Lien (snarast).

Bileta vil vi vise på Fjellgeitkvelden som blir på Turistheimen 
TORSDAG 24. november kl. 18.00.